Lova gjeld ikkje for mindre VA-anlegg. For vassforsyningsanlegg betyr det anlegg som ikkje er godkjenningspliktige til Mattilsynet, altså som forsyner mindre enn 20 bueiningar/hytter eller mindre enn 50 personar. For avløpsanlegg betyr det anlegg som faller inn under kapittel 12 i forureiningsforskriften, det vil si som er mindre enn 50 pe. Loven gjeld heller ikkje for anlegg for næringsvirksomhet eller for anlegg som er eigd av anna offentleg organ.
Etter § 2 i «Lov om kommunale vass- og avløpsanlegg» (vass- og avløpsanleggslova), kan kommunen etter søknad gi løyve til samanslåing, vesentleg utviding av eksisterande private vass- og avløpsanlegg eller til etablering av nytt privat anlegg. Kommunen kan gi løyve viss det private anlegget er så langt frå offentleg eigd anlegg at §§ 27-1 eller 27-2 i plan- og bygningslova ikkje medfører krav om tilkopling til offentleg anlegg, eller at kostnadene ved å knyte seg til det offentlege anlegget vil vere uhøveleg store eller andre særlege omsyn talar for det.
Nye anlegg skal organiserast som andelslag eigd av brukarane. Kommunen avgjer om det elles skal stillast særlege vilkår for løyvet. Ved samanslåing eller vesentleg utviding av eksisterande anlegg avgjer kommunen om det skal stillast særlege vilkår for løyvet. Når særlege omsyn talar for det, kan kommunen krevje at anlegget skal organiserast som andelslag eigd av brukarane.
Saksgang
Dette betyr at det også er søknadsplikt etter vass- og avløpsanleggslova for samanslåing, vesentleg utviding og etablering av nye private vass- og avløpsanlegg.
Trinn 1: Du må sende inn dette søknadsaskjemaet. Saksbehandlingsfristen på denne søknaden er 4 veker.
Trinn 2: Vent på svar frå kommunen. I fall løyve gis, må firmaet som er godkjent for å søkje om utsleppsløyve etter kap. 13, søkje om utsleppsløyve. Du som privatperson kan ikkje søkje om utsleppsløyve. Sjå informasjon på heimesida om utsleppsløyve frå 50 pe
Trinn 3: Hugs at tiltaket og må søkast om etter plan- og bygningslova. Før du kan søkje om løyve til bygging frå avdeling for byggesak, må du sende inn skjema Sanitærtilkopling/førehandsuttale privat VA
Du må og innhente tinglyst rett til å gå over annan manns grunn.