Røyrleggarmelding gjeld for godkjente røyrleggarfirma. Meldingane skal leverast inn for arbeid som ikkje er søknadspliktig etter plan- og bygningslova med føresegner (pbl), samt tiltak som er søknadspliktig etter «Standard abonnementsvilkår» som er vedtatt av Bjørnafjorden kommune.
For søknadspliktige tiltak, (alt som ikkje er nemnd i lista under,) bruk søknadsskjema
Vi krev røyrleggarmelding sendt inn ved:
•Reparasjonar ved røyr- og leidningsbrot.
•Utkopling slamavskiljar
•Lokal drenering
•Drenskum
•Utskifting/utbetring av olje- og feittutskiljar
•Plugging av eksisterande leidning
•Brakkerigg/mellombels tiltak som ikkje er søknadspliktig etter pbl (må meldast både med oppstart og avslutning)
•Fjerning av olje- og feittutskiljarar (drifta vert lagt ned)
•Tiltak som krev dispensasjon frå «Standard abonnementvilkår» eller føresegner i plan- og bygningslovgivinga
Røyrleggarmelding skal godkjennast i førekant for arbeid som gjeld:
- Brakkerigg/mellombels tiltak
- Arbeid som medfører stenging/sperring på offentleg leidning
- Alle dispensasjonar frå «Standard abonnementsvilkår» eller føresegner i plan- og bygningslovgivinga
Hugs å legg ved komplett søknad og målsatte skisser.
Standard abonnementsvilkår