For at barnet skal få eit tilpassa, heilskapleg og samordna tenestetilbod er det nødvendig å utveksle informasjon om barnet og samarbeide med andre tenester.
Alle tilsette i Bjørnafjorden kommune har teieplikt etter forvaltningslova § 13 til 13 e og etter særlovene. Dette betyr ikkje berre ei plikt til å teie, men også ei aktiv plikt til å hindre at andre får kjennskap til konfidensiell informasjon.
Underteikna er gjort kjent med at formålet med utveksling av informasjon er å sikre barnet rett hjelp til rett tid, god samordning og eit best mogleg tenestetilbod. Underteikna er også gjort kjent med at informasjonsutvekslinga blir avgrensa til det som til ei kvar tid er relevant og nødvendig, samt at samtykket når som helst kan trekkast heilt eller delvis tilbake. Dersom det er informasjon som ikkje skal utvekslast, må underteikna avklare dette med aktuell teneste.
Dersom barnet er under 15/16 år, er det føresett(e) med foreldreansvar/dagleg omsorg som skal samtykke på vegne av barnet, jf. lov om barn og foreldre §§ 30 og 37. Er barnet over 15/16 år skal barnet også samtykke, jf. lov om barnevern § 12-3/lov om pasient- og brukerrettigheter, kap. 4.
Underteikna samtykker til at følgande tenester si teieplikt vert oppheva, så langt som samtykket gjeld, og kan utveksle nødvendige opplysningar og vurderingar om følgande barn: