Søknaden skal sendast til kommunen der driftssenteret er plassert. Kommunen kan godkjenne
gjødsling der det er ønskeleg, og avslå for areal der det ikkje er ønskt med gjødsling. Gjødsling av
innmarksbeite er viktig for å sikre god beitevekst, men ein skal òg ta omsyn til vassmiljø og område
med biologisk mangfald.
Husdyrgjødsel/biorest: NB! Du kan ikkje spreie husdyrgjødsel på innmarksbeite før det
føreligg eventuell godkjenning frå kommunen. For areal der du kan dokumentere tidlegare
godkjenning, er det normalt ikkje behov for ny godkjenning. Ver likevel merksam på at du
ikkje kan spreie gjødsel nærare enn 6 meter frå vassdrag, og berre på areal som framleis er
innmarksbeite. Utrekna dekar spreieareal frå gamal godkjenning kan difor vere feil i dag.
Mineralgjødsel: Frå 2025 er det innført krav om godkjenning òg for bruk av mineralgjødsel på
innmarksbeite. Dei tre første åra kan du likevel spreie mineralgjødsel på innmarksbeite som
er oppført med mineralgjødsel i gjødslingsplan frå 2022 eller 2023. Frå 2028 kan du ikkje
spreie noko mineralgjødsel på innmarksbeite før godkjenning