MERK:
I dette skjemaet krevst det fleire signaturar på siste side. Derfor kan ikkje skjemaet sendast inn digitalt via ein "Send inn"-knapp. Du må skrive det ut og få signaturane på papir.
SLIK GÅR DU FRAM:
- Fyll ut skjemaet
- Skriv ut
- Få nødvendige signaturar
SENDER DU INN SOM FØRESETT?
- Send skjemaet i posten saman med eventuelle vedlegg til
PPT
Bjørnafjorden kommune
Postboks 24
5649 Eikelandsosen
SENDER DU INN SOM TILSETT I EIN BARNEHAGE?
- Skann det signerte skjemaet
- Last skjemaet opp som vedlegg til det digitale skjemaet "Innsending av informasjon til PPT"
Vil du lagre skjemaet undervegs i utfyllinga? Hugs å logge inn!
- Dersom du loggar inn (klikk på den blå knappen "Logg inn" oppe til høgre), blir skjemaet lagra under "Mine skjema" til du er ferdig. Du kan ta pausar og fortsette seinare.
- Når du har fullført og skrive ut skjemaet, forsvinn det frå "Mine skjema". Skriv ut eit ekstra eksemplar til deg sjølv.
- Du kan òg fylle ut skjemaet utan å logge inn. Då kan du ikkje lagre undervegs, men må gjere deg ferdig og skrive ut skjemaet i same økt.
PPT arbeider etter opplæringslova og barnehagelova.
Dette skjemaet innheld fortrulege opplysningar.
Tilsette i PPT har teieplikt om det dei får kjennskap til gjennom arbeidet sitt.
Reglane om teieplikt finn du i § 13 i forvaltningslova og i opplæringslova.
Har du spørsmål om utfyllinga?
Ring PPT på 56 57 51 00