• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Stadfesting av rettar og plikter - støttekontakt

Rettar og plikter for støttekontaktar i Bjørnafjorden kommune

1. Oppdragsavtale
Etter at oppstartsmøtet har vore, vil støttekontakten få tilsendt ein oppdragsavtale til sin digitale postkasse. Oppdragsavtalen gjeld frå datoen då oppstartsmøtet vart halde.
Avtalen inneheld mellom anna:
• namn på tenestemottakar/tenestemottakarar
• tal timar i oppdraget pr. månad
• tidsrommet oppdragsavtalen gjeld for (Avtalen vert fornya ved kvart årsskifte dersom ikkje anna vert avtalt.
• målsetting for oppdraget

Oppdragsavtalen skal underteiknast digitalt og sendast i retur innan 3 dagar.

Det blir ikkje utbetalt godtgjering før oppdragsavtalen er underteikna/stadfesta.

 
2. Politiattest
Alle som skal vera støttekontakt for personar som treng helse- og omsorgstenester må levere politiattest. Støttekontakttenesta utarbeider ei stadfesting på oppdraget frå kommunen og støttekontakten må sjølv søkje om politiattest elektronisk. Støttekontakten må levere politiattest før oppdraget kan starte.

 
3.Teieplikt
Støttekontakten har teieplikt om personlege forhold til/om tenestemottakar. Teieplikta er heimla i § 13 a-f  i forvaltningslova og barnevernslova §6-7. Brot på teieplikta kan straffast etter straffelova § 121. Vi gjer merksam på at teieplikta også gjeld for opplysningar som måtte kome fram i oppdragsavtalen. NB! Teieplikta gjeld også etter at oppdraget er avslutta.


4. Mål for oppdraget
Støttekontakten skal hjelpe den enkelte brukar til å få ei aktiv og meiningsfull fritid. Gjennom samvær og aktivitet skal støttekontakten bidra til å auke tenestemottakaren si evne til å utfalde seg, meistre ulike sosiale situasjonar, auke trua på seg sjølv og bli kjent med nye menneske og miljø. Nokre gongar kan ein i oppdragsavtalen spesifisera mål/aktivitetar for den enkelte tenestemottakar.

5. Ansvar
Støttekontakten har ansvar for å gjennomføre oppdraget i samsvar med målsettinga for oppdraget. I tillegg skal støttekontakten sjå til at tenestemottakar ikkje skadar seg sjølv, ikkje blir skada og ikkje gjer skade på andre/andre sin eigedom.
Støttekontakten og tenestemottakaren skal saman kartleggje tenestemottakaren sine fritidsinteresser, finne nye aktivitetar som passar for tenestemottakaren og leggje til rette for at tenestemottakaren kan utvide/forsterke sitt sosiale nettverk.

6.Rettleiing
Bjørnafjorden kommune ved Kultureininga har hovudansvaret for at støttekontakten får naudsynt rettleiing. Dersom støttekontakten har behov for rettleiing, må Støttekontakttenesta få beskjed om dette. Støttekontakten har plikt til å stille til felles og individuell rettleiing, og kan inkludere tida rettleiinga tek når ein skriv timelister.

 
7.Rapport

Støttekontakten skal skrive rapport  på fastsett skjema 2 gonger pr. år. Desse skal sendast til Støttekontakttenesta innan 01.05. og 01.10 kvart år. Skjema for rapporten er å finna på nettsidene til Bjørnafjorden kommune: Rapport frå støttekontakt - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)


8.Bruk av timar
Støttekontakten og tenestemottakaren må bli samde om korleis timane skal brukast og fordelast. Støttekontakten kan ikkje bruke fleire timar enn talet som er sett opp i oppdragsavtalen, og timane kan berre nyttast innanfor gjeldande oppdragsperiode. Inntil 3 ubrukte timar kan overførast til neste månad. Dersom støttekontakten ønskjer å overføre fleire enn 3 timar, må støttekontakten først avklare dette med Støttekontakttenesta. Timen startar frå tidspunktet støttekontakten møter tenestemottakaren.


9.Avlysing av avtale
Dersom tenestemottakar avlyser avtalen seinast dagen før, kan timane som fell bort bli tatt igjen seinare. Dersom avtalen blir avlyst same dag, kan det førast 2 timar løn for dette. Desse timane kan ikkje bli tatt igjen seinare. Dersom det stadig blir avlyst avtalar må dette takast opp med Støttekontakttenesta.

10.Avbrot i oppdraget
Avtalen kan mellombels setjast ut av kraft dersom tenestemottakaren eller støttekontakten pga. sjukdom, eksamen, reise, ferie eller andre forhold er forhindra frå å gjennomføre avtalt oppdrag. Dette må meldast til Støttekontakttenesta så tidleg som mogleg.


11.Timelister / godtgjering
For at støttekontakten skal få utbetalt godtgjering, må timane leverast elektronisk i Visma innan den 25. i kvar månad. (Timelista gjeld frå og med den 26. i ein månad til og med den 25. i neste månad). Satsane for godtgjersle vert regulert ved sentrale lønsjusteringar. Utbetaling den 12. i månaden etter. Ved feil utbetaling kan kommunen føreta naudsynte justeringar ved neste utbetaling.

Kommunen er forplikta etter skattelovgjevinga til å trekkje skatt på vanleg måte.

Samstundes med timeliste må ein levere eventuelle kvitteringar for utlegg og talet på køyrde kilometer ved bruk av eigen bil.

Forelda timelister, utgifter og kilometer: Kvar enkelt oppdragstakar skal sjølv halde oversikt over timar, utgifter og kilometer. Bjørnafjorden kommune kan avvise timar, utgifter og kilometer som er levert seinare enn 6 månadar frå utgangen av den månaden dette tidlegast kunne blitt levert. Dette er kortare enn den allmenne foreldingsfristen på 3 år jf. lov om forelding §2.

 
12. Utgiftsdekning:
Utgiftsdekninga skal dekke støttekontakten sine eigne utgifter i oppdraget og ikkje utgifter for tenestemottakaren. Kvittering for utgifter leverer støttekontakten elektronisk i systemet Visma saman med timane.

Utgiftsdekning inntil kr 450 pr mnd for oppdrag inntil 16 timar i månaden.
Utgiftsdekning inntil kr 550 pr mnd for oppdrag over 16 timar i månaden.

Utgifter som ein ikkje treng å dokumentera:
• Varm mat frå eigen heim: kr 50
• Kald mat frå eigen heim: kr 30
• Ferje, buss og bompengar – før opp nøyaktig beløp som du har brukt.

13.Bruk av eigen bil i oppdraget:
Støttekontakten kan krevje godtgjering for bruk av eigen bil i oppdraget for inntil 150 km per månad. Ved særleg lange avstandar til og frå tenestemottakar kan ein gjera særskilde avtalar om høgare kilometergrense. 


14.Rusmidlar
Støttekontakten kan ikkje nytte alkohol eller andre rusmidlar under utføring av oppdrag.


15.Rolle
Støttekontakten er i oppdrag for Bjørnafjorden kommune og skal unngå privat bruk av Facebook og andre sosiale medium som kommunikasjonskanal til tenestemottakaren/pårørande.


16.Økonomiske forhold:
Som støttekontakt har ein ikkje lov til å ta betalt for tenester av tenestemottakaren, låne pengar av tenestemottakaren eller involvere seg i tenestemottakaren sin økonomi. Brot på dette punktet fører til at oppdraget blir avslutta.

Dersom ein er støttekontakt for personar under 18 år, kan ein inngå avtale med foreldre/føresette om å leggje ut for eventuelle utgifter for tenestemottakar og senda Vipps-krav til foreldre/føresette.


17.Sjukefråvær
Bjørnafjorden kommune betaler ikkje godtgjering under sjukdom. Ved sjukdom over 16 dagar kan støttekontakten søkje NAV om sjukepengar. Dette vil krevje attest frå lege.

 
18Pensjon
 Oppdraget er ikkje pensjonsgivande.


19.Ferie:
Støttekontaktar er oppdragstakar og ikkje arbeidstakar, og har difor ikkje rett til feriepengar jfr Ferielova § 2. Støttekontakten må melde frå til tenestemottakar/pårørande og Støttekontakttenesta når ferie skal gjennomførast.

 
20.Oppseiing av oppdragsavtalen
Dersom det skjer ei endring i vedtaket til tenestemottakar, kan avtalen bli stansa. Støttekontakten skal då få eit brev om dette. Oppdragsavtalen har ein gjensidig oppseiingsfrist på 14 dagar. Dersom støttekontakten seier opp oppdragsavtalen, må dette gjerast skriftleg. Støttekontakten vil då få ei skriftleg stadfesting på oppseiinga frå Støttekontakttenesta.

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol om du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Om du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekreftar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon forsvinne.
  3. Ikkje noko vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velje Send inn-knappen. Den kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling.

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Vent...

Loader