Klagefrist
Etter forvaltningslova §29 har du rett til å klage på enkeltvedtak (Forvaltningslova §2, første ledd, bokstav b) innan 3 veker etter at du har mottatt vedtaksbrevet.
Innhaldet i klaga
Forvaltningslova §32 (klagen sin adressat, form og innhald)
I klagen skal du skriva kva for eit vedtak du klagar på, og nemne den eller dei endringar som du ønskjer. Du bør grunngje kvifor du klagar og ta med mulege andre opplysningar som kan telje med.
Partane sin rett til å krevje grunngjeving
Dersom
du ikkje alt har fått grunngjeving for vedtaket, kan du setje fram krav om
å få det. Eit slikt krav må setjast fram før klagefristen er ute. Klagefristen
blir i så fall avbroten, og ny frist blir rekna frå det tidspunktet du får
grunngjevinga.
Her finn du heile Forvaltningslova