Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn
Ressursteamet kan delta i tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn og deira familiar. Målet med det tverrfaglege samarbeidet er å sikre rett hjelp til rett tid. Tverrfagleg samarbeid rundt enkeltbarn skjer alltid etter samtykke får føresette (link til skjema), og føresette vert alltid invitert til å delta i ressursteammøtet. I nokre saker kan det også vere aktuelt å invitere inn andre fagtenester.
Kompetanseheving for tilsette i barnehagar
Ressursteamet kan bidra med kompetanseheving til tilsette i barnehagar. I innmeldingsskjemaet finst ei oversikt over ulike tema ressursteamet kan tilby. Før ein melder inn ønske om kompetanseheving må ein ha tenkt over kva tema ein ønsker kompetanseheving i, og kva tidspunkt som kan vere aktuelle for barnehagen (skriv gjerne fleire aktuelle tidspunkt, t.d. personalmøte, planleggingsdag el. – og hugs å melde ønsket inn i god tid!). Eit overordna mål er å leggje til rette for at flest mogleg frå barnehagen kan delta, gjerne heile personalgruppa.