Familieteamet i
Bjørnafjorden kommune er eit gratis lågterskeltilbod til barn og unge opptil 18
år og familiar som strevar med ulike problemstillingar knytt til psykisk
helse, trivsel og samspel.
Familieteamet gjer ei fagleg vurdering av kven frå familien som skal møte til
samtalane, avhengig av barnet sin alder, problemstilling og
familiesituasjon. Dei samarbeider òg med andre tenester i kommunen når det
er hensiktsmessig, slik at ein kan hjelpe best mogleg. Familieteamet tar
utgangspunkt i det som familien eller den enkelte opplever som
vanskeleg, og legg ein plan for det vidare arbeidet.
Familieteamet
tilbyr samtalar og rettleiing til barn, unge og føresette i ein tidsbestemt
periode.
Familieteamet
består av familierettleiarar og kommunepsykologar.
Ungdomsteamet i Bjørnafjorden kommune består
av tilsette med miljøterapeutisk kompetanse knytt til ungdomsoppfølging.
Ungdomsteamet driftar Ung arena og deltek på Fjord’n Arena
Målgruppa
for ungdomsteamet er ungdom mellom 13 og 20 år som strevar med utfordringar
knytt til skulekvardag, fritid, trivsel og psykisk helse.
Ungdomsteamet
tilbyr gruppeoppfølging i skuletid, individuell oppfølging etter avtale,
miljøterapeutisk arbeid på ungdomsskule og miljøterapeutisk arbeid på Ung Arena
/ Fjord'n Arena.