Denne søknaden skal ikkje nyttast for tilrettelagt skoleskyss på grunnlag av varig medisinske
behov eller andre behov som ikkje er i tilknyting til en vurdering om særleg farleg skoleveg.
Definisjon av særleg farleg skoleveg
Skolevegen vert rekna som den kortaste farbare strekninga mellom heimen og skolen langs
brøytt veg og gang- og sykkelsti.
Opplæringslova viser til tilstanden på skolevegen, klima, trafikktilhøve på strekninga og
tilhøve knytt til den enkelte eleven som grunnlag for å vurdere om ein veg skal reknast for å
vere særleg farleg eller vanskeleg. Definisjonen på ein farleg veg er at tilstanden kan auke
risikoen for ulukker sjølv om normer og reglar blir følgde, og at dette krev at trafikantane gjer
noko ekstra for å sikre seg sjølv og andre rundt seg. Særleg farleg eller vanskeleg veg må
sjåast i samanheng med dette, og blir definert av ein risiko som overgår normal fare ved å
vere i trafikkbiletet (jf. UDIR-3.2009, kapittel 2,2). Særleg farleg eller vanskeleg skoleveg
inneber at vegtilhøve eller tilhøve ved den enkelte eleven gjer at eleven ikkje har dei fysiske
eller kognitive evnene som er nødvendige for å ferdast trygt langs vegen.