• {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
  • {{sprakVariabler[s.stegnavn]}}
{{sprakVariabler["AvbrytSkjemaUtfylling"]}}
{{sprakVariabler["InnloggingWizardKreverInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["InnloggingWizardValgfriInnlogging"]}}: {{sprakVariabler["SkjemaNavn"]}}
  • {{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltip' + innlogging.InnloggingsTooltip]}}

{{sprakVariabler['LoggInnEpost']}}

{{sprakVariabler['InnloggingWizardTooltipEpost']}}

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*{{sprakVariabler["EpostIkkeRegistrert"]}}

{{sprakVariabler["InnloggingWizardKodeIEpost"]}}

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringEpost"]}}

{{sprakVariabler["KontoAktivert"]}}

{{sprakVariabler["AktiveringsLenkeUgyldig"]}}

Nettlesersesjonen er utløpt, og utfylling som ikke er lagret kan være tapt. Vennligst last siden på nytt for å fortsette på skjemaet.

Skjemautfylling

Samtykke - utlevering av jodtablettar

Informasjon

Jodtablettar er aktuelt ved ei eventuell atomhending med utslepp av radioaktivt jod. Årsaker til ei hending kan vera utslepp frå eit av Europa sine kjernekraftverk, utslepp frå reaktordrivne fartøy langs Norskekysten, ein terroraksjon eller anna.

Jodtablettar er distribuert og vert lagra ved skular og barnehagar.

Målgruppa for jodtablettar er born og unge under 18 år, gravide og ammande. Desse gruppene har størst opptak av jod og vil derfor ha mest nytte av tablettane. Det kan bli gitt råd om jodtablettar òg til vaksne under 40 år.

Tilskot av jod blokkerer opptaket av radioaktivt jod og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Jodtablettar vernar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Det nasjonale Kriseutvalet for atomberedskap vil, ved ei atomhending, om naudsynt gi ei tilråding om inntak av jodtablettar, sannsynlegvis saman med eit råd om å opphalda seg innandørs.

Jodtablettar skal inntakast så raskt som mogleg etter at Kriseutvalet for atomberedskap har tilrådd det.

Skular og barnehagar innhentar samtykke på førehand frå føresette for at dykkar born skal få utlevert jodtablettar etter tilråding frå styresmaktar ved ei eventuell hending.

Skulane og barnehagane i Bjørnafjorden kommune sørgjer for utlevering til born/elevar som oppheld seg på skulen/ i barnehagen, og varslar føresette. Borna/elevane inntek då tablettane når dei får dei utlevert.

Kommunen vil ved ei atomhending òg levera ut jodtablettar ved helsestasjon og legevaktstasjon.

Jodtablettar er no òg tilgjengeleg for heimelagring (reseptfritt sal på apotek) og det vert tilrådd at familiar kjøper inn til alle under 40 år, gravide og ammande.

Advarslar:

  • Risikoen for biverknadar ved bruk av jodtablettar er svært liten for born og unge.
  • Gravide og ammande skal unngå høgare dosering enn tilrådd.
  • Ved tilførsel av jod til nyfødde (første levemånad) gjeld spesielle varsemdsreglar.
  • Personar som har betenning i skjoldbruskkjertelen (thyreoiditt), forstyrringar i skjoldbruskkjertelfunksjonen eller dermatitis herpetiformis (Duhrings syksdom) skal ikkje ta jodtablettar.
  • Personar som er allergiske overfor kaliumjodid eller nokre av dei andre innhaldsstoffa i legemiddelet (lista opp i pakningsvedlegget) skal ikkje ta jodtablettar.
  • Personar som har operert bort skjoldbruskkjertelen, treng ikkje ta jodtablettar.

 

Ved ei atomhending:

Søk råd (for eksempel råd om innandørs opphald) og hald deg orientert via internett, tv og radio.

 

Aktuelle nettstader:

Kommunens nettside: www.bjornafjorden.kommune.no 

Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit si nettside: www.dsa.no/atomberedskap

Hjelp
Lukk
  1. Klikk på Hjelpesymbol om du treng hjelp til utfyllinga.
  2. Skjemaet lagrar svara undervegs i utfyllinga. Om du vel å avbryte ved f.eks. å lukke nettlesarvinduet eller trykke på Avbryt-knappen og deretter bekreftar at du vil avbryte utfyllinga, vil all informasjon forsvinne.
  3. Ikkje noko vert sendt inn før du sjølv ber om det, ved å velje Send inn-knappen. Den kjem fram etter at opplysningane er kontrollert og godkjent på oppsummeringssida.

Utfylling og bruk

Klikk på hjelpesymbola for informasjon om utfylling.

* Betyr obligatorisk for utfylling.

Etter 20 minutt utan aktivitet kan utfylling av skjema gå tapt.

Vent...

Loader