Vilkår for tildeling av parkeringsløyve
For å få innvilga parkeringsløyve for forflytningshemma, må følgjande vilkår vere oppfylt.
1.Bevegelsesvanskar: Søkjaren må ha store vanskar med å bevege seg eller ikkje kunne gå i det heile tatt. Dette må dokumenterast med ei legeerklæring som gir eit oppdatert og reelt bilete av søkjaren sin tilstand.
2.Særleg behov for parkering: Søkjaren må ha eit særleg behov for parkeringslettar på spesifikke stader. Dette behovet må skildrast i søknaden og dokumenterast med utsegner frå behandlarar, timekort, kvitteringar eller liknande.
Dersom søknaden gjeld parkeringstillatelse som passasjer, må eit tredje vilkår òg vere oppfylt:
3.Regelmessig hjelp av førar: Søkjaren må ha behov for regelmessig hjelp av førar utanfor motorvogna. Dette vurderast basert på legeerklæringa og søkjaren si forklaring.
Kommunen vil gjere ei heilskapleg vurdering av søkjaren sitt behov for parkeringsløyve. Det er viktig å merke seg at parkeringsløyve ikkje er meint som ei økonomisk støtteordning, og kostnader knytt til bruk av motorvogn eller parkering vektleggast ikkje ved vurdering av søknaden.
Personopplysningar som gis i samband med søknaden behandlast i samsvar med gjeldande lover og vil berre brukast til dette føremålet. Ved innvilging av søknaden vil nokre opplysningar bli delt med Statens vegvesen for registrering i HC-registeret.
Vedlegg
Alle relevante vedlegg må være lagt til for at søknaden kan sendast inn:
- legeerklæring
- kopi av gyldig førerkort (søker som fører)
- kopi av gyldig legitimasjon (søker som passasjer)
Hvis du treng hjelp til å søke, kan du få hjelp av Avdeling for forvaltning og koordinering,
epost afk@bjornafjorden.kommune.no (ikkje skriv noko sensitivt i eposten,)
eller på tlf 91 67 20 72