Om søknaden
- Både du og partnaren din må sende inn skjema. Partner får skjema ifa lenke. Lenke blir sendt på epost, og partner må ha bankid for å logge inn. Sjekk søppelepost om lenka ikkje er dukka opp etter 30 min.
- Dersom partner har reservert seg mot digital post må de fylle ut, og sende inn skjema på papir.
- Partner laster opp prøvingsattest, eller haker av for at den blir sendt inn på eit seinare tidspunkt
- Vi vil behandle søknaden først når begge skjema er sendt inn og prøvingsattesten er mottatt
- Dato, tid og stad for vigsel blir stadfesta av partner
Dette må du ha klart:
- Dato og tid for vigsel
- Stad for vigselen
- Tal på personar som skal vere til stades under seremonien
- Informasjon om eventuelt kunstnarleg innslag under seremonien
- Personnummeret til partnaren din
Informasjon om vigsel i Bjørnafjorden kommune
Les meir om reglar og rutinar for borgarleg vigsel i Bjørnafjorden kommune.
Har du spørsmål?
Har du spørsmål om bestillinga eller reglar for vigsel i Bjørnafjorden kommune, send e-post til krb@bjornafjorden.kommune.no eller kontakt kultureininga direkte på telefon 913 76 329.