Fritt skuleval er ei brukarorientert ordning for tildeling av elevplass ved annan skule enn
nærskulen.
Fritt skuleval gjeld berre innanfor eigen kommune.
Opplæringslova seier at nærskulen er den skulen som ligg nærast heimen. I Bjørnafjorden kommune er Os kommune si Forskrift om opptaksområde vidareført inntil vidare. I forskrifta heiter det at elevar som søker om å få gå ved en annan skule enn nærskulen, får søknaden sin innvilga dersom skulen har ledig kapasitet og elevsamansetninga elles gjer det forsvarleg. Det er rektor som avgjer om desse vilkåra er til stades.
Skuleskyss
Dersom eleven får innvilga søknaden om plass ved ein annan skule enn nærskulen, må føresette dekke skyssutgiftene sjølv.
Elevar med spesielt organiserte opplæringstilbod, som får vedtak om skuleplass på annan skule enn nærskulen, kan innvilgast skyss.
For å søke om skuleplass for barnet ditt, må du fylle ut og sende inn dette skjemaet.