Redusert foreldrebetaling i SFO for hushald med elevar på 1. og 4. trinn tredde i kraft 1. august 2021. Ordninga sikrar at ingen familiar skal bruke meir enn maksimalt seks prosent av inntekta si til å betale for ein SFO-plass.
Søknaden gjeld frå vedtaksdato og ut skuleåret. Det må søkjast på nytt kvart skuleår.
Merk at moderasjonsordninga ikkje omfattar SFO i haust-, vinter- og sommarferie.
Grunnlaget for vurdering av redusert foreldrebetaling i SFO er hushaldet si samla skattepliktige kapital- og personinntekt.
Skal mor og far dele utgiftene for SFO-plass?
Merk at dersom mor og far ber om å få delt faktura for SFO, t.d. 50/50, kan søkar si utgift til SFO bli mindre enn 6 % av den samla inntekta til hushaldet. I så tilfelle har ikkje søkar krav på redusert foreldrebetaling.
Les meir her om reduksjon i foreldrebetaling og vilkår for å søke.