Søknad om elevpermisjon
Dette skjemaet gjeld for føresette til elevar i grunnskulen, som ønskjer å søkje om elevpermisjon i inntil 10 skuledagar (to veker) utanom skulen sine vedtekne fri- og feriedagar. Skulane har ikkje lov til å gje permisjon for meir enn to veker. Les meir om elevpermisjonar.
For å fylle ut søknaden treng du:
- Namn, fødselsdato og klasse/gruppe på eleven
- Permisjonsperiode: Frå og med dato/til og med dato
- Kort grunngjeving for kvifor eleven har behov for permisjon
Kva skjer etter at du har sendt søknaden?
Etter du har fylt ut denne søknaden, vert han sendt til behandling hos rektor ved den skulen eleven går på. Du vil få svar innan tre veker.
Innsyn og klage
Du har som hovudregel rett til innsyn i saksdokumenta.
Du kan klage på avslag om permisjon. Send ei eventuell klage til skulen innan 3 veker etter at du har mottatt avslaget, jf. forvaltningslova §29.
Vi vil då vurdere saka på nytt. Dersom du ikkje får medhald eller klaga blir avvist, blir saka sendt vidare til neste klageinstans for endeleg avgjerd.
Klaga må vere sendt innan tre veker etter at du har mottatt vedtaket.