Søknad om graveløyve i kommunal veg
Dette skjemaet gjeld for aktørar som søkjer om løyve til å grave i kommunal veg i Bjørnafjorden kommune.
Sjå Bjørnafjorden kommune sine nettsider for meir informasjon om graving i kommunal veg.
For å fylle ut skjemaet treng du:
- Firmanamn, organisasjonsnummer og kontaktperson for firmaet som søkjer om graveløyve.
- Vegreferanse for den aktuelle vegen (vegreferansen finn du her).
- Type leidning arbeidet gjeld (vassleidning, avløpsleiding, el-kabel, telekabel osb.)
- Vedlegg: Kartskisse med gravetrasé.
Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?
Når du har fylt ut søknaden, blir han sendt elektronisk til Bjørnafjorden kommune. Du vil få svar innan tre veker.
Klage og innsyn
Du har som hovudregel rett til innsyn i saksdokumenta.
Dersom du vil klage på eit eventuelt avslag på søknaden, kan du sende skriftleg klage til post@bjornafjorden.kommune.no.
Vi vil då vurdere saka på nytt. Dersom du ikkje får medhald eller klaga blir avvist, blir saka sendt vidare til neste klageinstanse for endeleg avgjerd.
Klagen må vere sendt innan tre veker etter at du har mottatt vedtaket.