Kva er ein besøksheim?
Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med store omsorgsoppgåver eller andre utfordringar som krev avlastning. Besøksheimen skal ikkje erstatte heimen som barnet har hos sine biologiske foreldre.
Det vanlege er å vere besøksheim ei helg i månaden, og ei besøkshelg strekker seg frå fredag til søndag.
Vi søker etter heimar som kan gi barn og unge positive opplevingar, samstundes som foreldra får eit pusterom frå omsorgsoppgåver. Har du interesse av og overskot til å arbeide med barn og unge, oppfordrar vi deg til å søke om å bli besøksheim.
Det er viktig at besøksheimen har trygge og stabile vaksne personar som har husrom og hjarterom. Vi ser etter deg som er omsorgsperson, raus og tålmodig. Vi ser etter deg som har tid og overskot til å vere besøksheim for eitt eller fleire barn.
Dette må du ha tilgjengeleg før du byrjar å fylle ut søknaden
Namn, adresse og fødselsdato til søkar og alle medlemer av husstanden.
Dette skjer vidare når du har søkt
Søknaden blir sendt automatisk til barnevernet, som deretter tar kontakt for å avtale ein uforpliktande samtale heime hos deg. Du får høve til å stille spørsmål om kva det inneber å vere besøksheim.
Tema det kan vere naturleg å ta opp er praktiske tilhøve i heimen (f.eks. har bustaden universell utforming), fritidsinteresser/aktivitetar, husdyr, erfaring med liknande oppgåver. Vi vil og gjerne høyre kvifor familien ønsker å vere besøksheim. Det er fint om de har snakka saman om det på førehand.
Dette er eit skjema der du melder at du er interessert. Det er ikkje bindande.