Søknaden gjeld treningstid i kommunale idrettshallar og gymsalar i perioden
22. august 2022 til mai/juni 2023
Søknad om treningstid gjeld berre trening måndag - fredag mellom kl. 16.00 og 22.00
Dersom laget ønsker treningstid utanom desse tidene, må de ta direkte kontakt med den aktuelle skulen eller dagleg leiar ved hallane.
Søknadsfrist: 29. mai 2022
Vi gjer merksam på at tilgang og rutinar ved bruk av hallane/gymsalane kan endre seg. Sentrale og lokale retningslinjer som følge av koronapandemien blir førande. Kommunale gymsalar er stengt for aktivitet utanom skuletid fram til august.
For å fylle ut denne søknaden treng du:
- Kontaktopplysningar til idrettslaget
- Informasjon om laget, type idrett, årskull, ønska treningstider.
Kva skjer etter at søknaden er sendt inn?
Når du har fylt ut søknaden, blir han sendt elektronisk til Kultureininga i Bjørnafjorden kommune. Bjørnafjorden idrettsråd tildeler treningstider, og kultursjefen fattar vedtak. Du får tre til fire veker etter søknadsfristen.
Klage og innsyn
Du har som hovudregel rett til innsyn i saksdokumenta. Dersom du vil klage på eit eventuelt avslag på søknaden, kan du sende skriftleg klage til Bjørnafjorden kommune, Kultureininga, postboks 24, 5649 Eikelandsosen.
Vi vil då vurdere saka på nytt. Dersom ein ikkje finn ei løysing, blir saka sendt vidare til neste klageinstans for endeleg avgjerd. Klagen må vere send innan tre veker etter at du har mottatt vedtaket.