Tilskot til vern av kulturminne
Tilskot til vern av kulturminne er ei fylkeskommunal ordning som dels er administrert frå kommunen. Eigarar av private verneverdige kulturminne i Bjørnafjorden kan søkja om tilskot til konkrete vernetiltak på bygningar og anlegg. Tilskot kan òg nyttast til andre tiltak som kurs og formidling.
Kva kan støttast – absolutte kriterium
Eigarar av regionalt verdfulle kulturminne registrert i kulturminnedatabasen Askeladden.
Du kan berre søka tilskot til faste kulturminne i Vestland som enten er:
1. Prioritert i kommunal kulturminneplan
2. Regulert til bevaring/omsynssone etter plan- og bygningslova.
3. Vurdert av fylkeskommunen som kulturminne av høg regional verdi.
Det er eit vilkår at den som får tilskot frå dei fylkeskommunale kulturvernmidlane fylgjer antikvariske retningsliner i arbeidet med
istandsetjing, materialbruk o.l. Retningslinene går stort sett ut på at minst mogleg skal utskiftast av det gamle, og at delar som må
skiftast skal erstattast med ein kopi av det opphavlege. Forandringar kan kome på tale berre etter samråd med antikvarisk fagetat
(fylkeskonservator, Riksantikvaren eller byantikvaren i Bergen)